SPLINT Turbinen

Turbinen, Dale

Stand up og dans i Turbinen! Fredag 29. nov. inviterer Dale Musikk til ein kveld med humor, god musikk og fest i Turbinen! Kl 20.00 opnar dørene i Turbinen. Kl. 21.00 Stand up-show med Roar Brekke Ca kl. 22 Bandet Splint spelar opp og kjører på til kl 01 Billettar er i sal frå onsdag16.10. hos Shell Dale og Pettersens Handleri. Eller Vipps til Dale Musikk vippsnr 552846. Å visa Vippsbetalinga i døra fungerer som billett. Enklare blir det ikkje!

Forhåndssal fram til søn 24. nov/ frå 25. nov og i døra: 350 kr / 400 kr for stand up + dans. 200 kr / 250 kr for berre stand up (ca 40 min) 250 kr / 300 kr for berre dans

Roar Brekke er ein av landets fremste stand up-artistar! Bandet Splint serverer perfekt musikk når du er på fest! Denne fredagskvelden er det julebord for lokale bedrifter og jubileumsfest for Dale IL - alle desse kjem i Turbinen på stand up og dans. Kjem du også?

Lik og del gjerne :-)

Arr: Dale Musikk